No må du lytte godt for eg har noko svært viktig eg vil fortelja deg. Det handlar om den gode barnehagen, Torbjørn.

Veit du korti barn kan utvikla seg til å bli sitt beste potensiale av seg sjølve, Torbjørn?
 
Det er når dei er trygt tilknytt sine næraste omsorgspersonar, Torbjørn.
 
I barnehagen er det oss som jobbar der; barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.
 
Veit du kva som krevjast for å kunne opparbeide trygg tilknyting til minst ein vaksen i barnehagen, Torbjørn? Det er vaksne som har evne til å by på seg sjølv og som er kjenslemessig tilgjengelig for barnet. Barnet treng at den vaksne gir beskyttelse, trøyst, nærleik, omsorg og tryggleik i situasjonar der dette trengs for barnet. Den vaksne må vere barnets trygge base. Det er derfor vi sitt så mykje på golvet, Torbjørn. Vi gjere oss tilgjengelig for barnet, i fall du ikkje visste det. Dette er pedagogikk, Torbjørn, i fall du ikkje visste det heller.
 
Veit du at små barn er stressa i barnehagen, Torbjørn?
 
Det er forsking som viser at små barn under to år har eit unormalt høgt nivå av stresshormonet Cortisol i kroppen gjennom heile dagen i barnehagen, Torbjørn. Veit du kva som stressar små barn i barnehagen, Torbjørn? Det som er spesielt belastande for små barn i barnehagen er høgt tempo, høgt lydnivå, store grupper og for eksempel å oppleve situasjonar der dei ikkje vert trøysta slik dei har behov for. Dei minste barna treng ikkje først og fremst stimulering, dei treng tid, ro, varme og sensitivitet. Det er spesielt stressande for små barn og ikkje vite kor den vaksne er, Torbjørn. Somme gonger oppstår det situasjonar i barnehagen som gjere at eg må springe frå. Det kan vere at Per klemstrar fingrane sine i det han utforskar døra på veg ut. Då må eg sjølvsagt på best mogleg måte trøyste og hjelpe Per, men det kan kjennast stressande for dei andre barna når eg fer av garde med Per. Kvifor gret Per? Kvar vart den vaksne av?
 
Veit du at stabilitet også er svært viktig for trygg tilknyting, Torbjørn? Stabilitet vil seie små grupper og at det er dei same vaksne som tar seg av barna. Er du klar over kor vanskeleg det er å få til i barnehagen i dag, Torbjørn? Med baseliknande løysingar, spesielt morgon og ettermiddag, vert det svært mange ulike vaksne for barna å forholda seg til i løpet av ein dag i barnehagen, Torbjørn. Korleis kjennest det for barnet å stadig møta nye vaksne ved levering om morgonen, eller at den vaksne barnet er blitt trygg på er gått heim for dagen og barnet treng nærleik og trøyst?
 
På ettermiddag er det spesielt ofte at barn treng ladetid på ein vaksen sitt fang. Både små barn og større barn har behov for eit fang. Det er berre det at vi har ikkje nok fang. Eg beklagar å måtte seie det, Torbjørn, men somme gonger må barna stå i kø for eit fang. 5 minutt lading på kvar. Neste barn, takk! Er vi vorte ein fabrikk, Torbjørn? Eg berre spør. Eller er vi vorte ein pedagogisk institusjon der barn i for stor grad vert avvist av den vaksne som ikkje har tid nok til dei viktigaste oppgåvene i barnehagen? Nemlig å skape trygge og gode relasjonar som gir lyst til leik, humor, glede, samspel og meistring. igjen, eg berre spør. Kva vil du eigentleg at vi skal bruke tida vår på, Torbjørn?
 
Veit du at barnehagen har endra seg noko heilt enormt dei seinare åra, Torbjørn?
 
Barnegruppene er blitt større, opningstidene lengre, bemanninga er blitt mindre og barna blir yngre og yngre. Eg vil seie deg, Torbjørn, vi er ikkje ukjent med små barn heilt ned i 8-9 månaders alder i barnehagen i dag. Det er heller ikkje uvanleg med småbarnsgrupper på 14-16 barn. Desse små barna treng skjerming dei, Torbjørn, men vi har ikkje nok rom i barnehagane til å dele dei inn i mindre grupper. Kva vil du vi skal gjere, Torbjørn?
 
Eg har sett ein del av dine forslag til tiltak for betre innhald i barnehagen, gjennom stortingsmelding 19: Tid til lek og læring. Betre innhald i barnehagen, Torbjørn.
 
Eg vonar du har lytta godt til det eg har fortald deg og at du vil sjå på mine konkrete tiltak som eg meiner må settast i verk for at barnehagen skal få eit betre innhald, og for at barna skal kunne utvikle sitt beste potensiale av seg sjølv! Eg ynskjer trygge, leikande, nysgjerrige og kreative barn i barnehagen som får lov til å vere barn på barnas eigne premisser!
 
Barna treng:
 
  • Minst 50% barnehagelærarar, der fleire har fordjuping i småbarnspedagogikk!
  • Bemanningsnorm! Nok vaksne til stades gjennom heile dagen.
  • At du fjernar moglegheita for eigarar til å nytte seg av 3 års trikset. La borna vere små fram til august det året dei fyller 3 år! At du fjernar moglegheita for eigarar til å ta ut privat profitt. Pengane som går inn i barnehagen skal komme barna til gode!